Det ligg mange gamle skular rundt omkring i Møre og Romsdal. Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skuledagen fylt med song og bibelhistorier, lesing og skriving, rekning, lekamsøving og frikvarter med leik.
Kva lærte dei for hundre år sidan? Kva var viktig kunnskap då? Kva er viktig kunnskap for oss no og kvifor?


fredag 4. februar 2011

Mangfoldige kulturopplevingar på Kulturtorget


Musea var i år godt representert på Kulturtorget i Molde. Det var kjekt å kunne delta saman med kollegar frå ulike museum. Dei tre regionmusea presenterte sine to prosjekt: “Kubbe lager museum” og “Rett kunnskap til rett tid”. Begge finn du omtalt i brosjyra for Kultursekken. I tillegg finn du informasjon om “Rett kunnskap” i bloggen her.


Distriktsvenleg og moderne som vi er på musea, arbeida vi med presentasjonen vår i nettskya med Googledocs. Vi som skulle presentere Rett kunnskap på Kulturtorget satt spreidd på kvart vårt museum frå Volda til Tingvoll. Tidleg i januar hadde vi hatt ei felles samling på Tingvoll der dei første tankane hadde blitt født og øvinga påbegynt.
Da vi møttes i Molde onsdags ettermiddag var det intens øving og testing av manus og presentasjon. Med nokre justeringar kunne vi seie oss nøgde. Ei visning av eit tilbod på Kulturtorget blir gjerne berre ein smakebit på kva som kan bli seinare.

Prøving av kostyme i str 10 år....

Onsdag og torsdag før presentasjonen av Rett kunnskap, fekk vi anledning til å sjå, lære, bli inspirert, diskutere og møte kulturarbeidarar, elevar og lærerar. Det var kjempenyttig og gav oss mykje idear og erfaringar. Her eit bilde frå The Margareths sin konsert.



Så var det vår tur…Det var med litt skrekkblanda fryd vi såg at salen fyltes av kritiske, kunnskapsrike og selektive kulturkonsumentar. No skulle vi målast!


En streng frøken Rønneberg fra Sunnmøre klar for første time.




Lydhøre elevar, litt store for anledningen.


Det gjekk ganske så bra. Vi fekk jamvel alle til å reise seg å synge "Fager kveldssol smiler" akkompagnert av opptak av trøorgel. Det var eit flott kor! No ventar vi berre på evalueringa frå deltakarane på Kulturtorget. Det blir spennande å høyre kva dei syns....


2 kommentarer:

  1. http://suzannethobro.blogspot.com/ er stipendiat i Tromsø og skriver om representasjon av religioner i lærebøker for religionsfaget i gymnas/videregående skole, fra perioden 1935-2010.

    SvarSlett
  2. Takk for tipset:-)Skal sjekke den ut.

    Frøydis

    SvarSlett