Det ligg mange gamle skular rundt omkring i Møre og Romsdal. Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skuledagen fylt med song og bibelhistorier, lesing og skriving, rekning, lekamsøving og frikvarter med leik.
Kva lærte dei for hundre år sidan? Kva var viktig kunnskap då? Kva er viktig kunnskap for oss no og kvifor?


Målsettingar

Ved hjelp av god formidling, autensitet, kvalitet, kunnskap, erfaringar og gjenstandar har vi som målsetting å:
  • Gje ungane forståing av kva rolle skulen har i samfunnet.
  • Korleis denne har endra seg over tid.  
  • Kva som var viktig å lære – kva var viktig kunnskap for ca hindre år sidan. Samanlikna med no.
  • Reflektere over endringar i generelle levekår og levevis, i vår del av verda og på heimplassen vår.
  • Gje ungane ein annleis skuledag.