Det ligg mange gamle skular rundt omkring i Møre og Romsdal. Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skuledagen fylt med song og bibelhistorier, lesing og skriving, rekning, lekamsøving og frikvarter med leik.
Kva lærte dei for hundre år sidan? Kva var viktig kunnskap då? Kva er viktig kunnskap for oss no og kvifor?


måndag 10. januar 2011

Kulturtorget 2011

Foto: http://m4rtines.blogg.no/
Formidlingstilbodet "Rett kunnskap til rett tid" presenteres på kulturtorget torsdag 27.januar kl 13.15 i Karoline, Rica Seilet Molde.



Rett kunnskap til rett tid
Skulen for om lag 100 år sidan

Aktivitetsbasert formidling av kulturarv for 3.-4.klasse.
Tid: 2-3. timar inklusiv aktivitetar.
Foto: http://m4rtines.blogg.no/
Det ligg mange gamle skular rundt omkring i Møre og Romsdal. Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skuledagen fylt med song og bibelhistorier, lesing og skriving, rekning, lekamsøving og frikvarter med leik. 

Kva lærte dei for hundre år sidan? Kva var viktig kunnskap då?
Kva er viktig kunnskap for oss no og kvifor?

Rett kunnskap til rett tid er eit formidlingsopplegg om kulturarv for 3.-4.trinn som skal gje elevane forståing av kva rolle skulen har i samfunnet og korleis denne har endra seg over tid.

Utvikla og formidla av Musea i Møre og Romsdal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar