Det ligg mange gamle skular rundt omkring i Møre og Romsdal. Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skuledagen fylt med song og bibelhistorier, lesing og skriving, rekning, lekamsøving og frikvarter med leik.
Kva lærte dei for hundre år sidan? Kva var viktig kunnskap då? Kva er viktig kunnskap for oss no og kvifor?


torsdag 23. juni 2011

Turnélista er klar!

Foto: http://m4r​tines.blog​
No har www.kultursekken.no/ lagt ut Turnélista for skuleåret 2013/14. Gå inn og finn ut om din skule får bli med på "Rett kunnskap" sin turné!

Vi gleder oss til å ta i mot mange 3. og 4. klassingar til dei flotte skulemusea våre:-)
Akkurat no legg vi planar for opplæringa av formidlarane som skal være med og tel over utstyret. Vi må ha nok tavle og griffel, penn og blekk så alle får prøve!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar