Det ligg mange gamle skular rundt omkring i Møre og Romsdal. Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skuledagen fylt med song og bibelhistorier, lesing og skriving, rekning, lekamsøving og frikvarter med leik.
Kva lærte dei for hundre år sidan? Kva var viktig kunnskap då? Kva er viktig kunnskap for oss no og kvifor?


Kompetansemål

Kunnskapsløftet har som mål for opplæringa at eleven skal kunne desse kompetansemåla etter 4. trinn:

Læreplan i historie

    * bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
    * presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy
    * skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no
    * utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida
    * fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg
    * kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke

Læreplan i samfunnsfag
* gje døme på ulike forventningar til gutar og jenter og drøfte korleis forventningane kan opplevast

Læreplan i kristendom
* kjenne til kristen salmetradisjon og et utvalg sanger, også samiske

Læreplan i norsk
Språk og kultur

    * samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre kulturer
    * uttrykke tanker om språk, personer og handlinger i tekster fra dagliglivet og i skjønnlitterære tekster fra ulike tider og kulturer

Læreplan i musikk
Musisere
    * framføre sang, spill og dans i samhandling med andre

Læreplan i kroppsøving
Aktivitet i ulike rørslemiljø

    * bruke grunnleggjande rørsler i varierte miljø og i tilrettelagde aktivitetar
    * vere med i aktivitetar som utfordrar heile sanseapparatet og koordinasjonen
    * bruke småreiskapar og apparat
    * bruke ball i leikar og nokre ballspel
    * utforske og leike med ulike rytmar og uttrykkje dei med rørsler
    * vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar
    * vise evne til samhandling i ulike aktivitetar
    * fortelje frå eigne opplevingar med ulike aktivitetar
  
Tverrfagleg
Heile undervisningsopplegget vårt er tverrfagleg, og vi vil også kunne arbeide med mål i faga matematikk, naturfag, mat og helse